Hjem Idrettslaget Generelt Årsmøte i Lepsøy IL
Årsmøte i Lepsøy IL Skriv ut E-post
Skrive av Roar Seth   
måndag 01. februar 2010 20:38

Årsmøte i Lepsøy IL vart halde på klubbhuset søndag 31.1.

 

Leiar Gunbjørg Seth ønskte velkomen. Rita Kjerstad las opp årsmeldinga.

Styret det siste år har vore:

 

 

Gunnbjørg Seth (leiar), Aina Lausund (nest leiar), Eva Meberg (kass), Rita Kjerstad (skrivar), Ivar Kjell Kjerstad (medl), Ann Cathrin Farstad (medl), Trine Otterlei (vara), og Odd Helge Farstad (vara)

 

Ut av det gamle styret går: Gunnbjørg Seth, Aina Lausund, Ivar Kjell Kjerstad, Ann Cathrin Farstad.

Inn i det nye styre kjem: Norvald Lausund, Dag Farstad, Rune Rønstad, Jarle Kjerstad.

Ny vara: Ann Cathrin Farstad.

 

Valnemnda har ikkje funne ny formann. Det vart vedtatt at det nye styret konstituerer seg sjølv.

 

Regnskap: Inntektssida viser 438.630 og utgiftssida kr. 615.432. Grunnen til det store underskotet er kjøp av ny klipper til kr. 46.000 og laget sin del av ballbingen kr. 183.000.

 

Inntektene på treningssenteret har gått opp med vel 6.000 sidan 2008, men går likevel med underskot. Laget ser på senteret som eit trivssels tiltak for øya og vil freiste å drive det så lenge ein kan. Ein søkte  Fylket om midlar til innkjøp av nye apparat og fekk tildelt kr. 20.000. Det vart innkjøpt ro-maskin og boksesekk med hanskar. Den gamle solsenga har vorte skifta ut og ”ny” brukt seng er innkjøpt.

 

Av arrangement som laga har hatt siste året vart nemnd: Lepsøydagane 21.22. og 23 august. Stor suksess, fint ver og mykje folk både på kaffè, loppemarknad og på småbåthamna søndagen.

 

”Goaldet opp” vart arrangert for tredje gong laurdag 29. august. I år kolliderte det  med Birkebeinaren og ein håper neste år på fleire enn dei ca. 30 deltakarane som var med sist år.

 

Øyamarsjen gjekk av stabelen som vanleg 2. pinsedag. Også i år med flest deltakarar på Lepsøya.

 

Årsfesten for laget var halden i oktober. I år freista ein med ny vri. Festen vart arrangert for så vel store som små i bygda. Gratis inngang. Stort koltbord med bl.a. kalkun, karbonadar og pizza + mykje anna god mat og underhaldning. Laget har fått gode tilbakemeldingar på arrangementet.

 

Styre takka for den gode støtta både økonomisk og på dugnadar laget har fått frå mange hald.

 

Kommentarer
Legg til Sřk
Gunnbjørg  - ang. årsøtet   |08-02-2010
Ei korrigering Roar: Guttorm har vore styremedlem og han tok attval for to år.
Styret har med varamedlemar ni medlemar.
Skriv kommentar
Navn:
Email:
 
Tittel:
 
:angry::0:confused::cheer:B):evil::silly::dry::lol::kiss::D:pinch:
:(:shock::X:side::):P:unsure::woohoo::huh::whistle:;):s
:!::?::idea::arrow:
 

3.26 Copyright (C) 2008 Compojoom.com / Copyright (C) 2007 Alain Georgette / Copyright (C) 2006 Frantisek Hliva. All rights reserved."

Sist oppdatert måndag 01. februar 2010 22:02